360-bilde har teke av for alvor mellom «fotografane i gata». Fotograf Arild Solberg frå Sykkylven har teke fotograferinga eit hakk lengre enn dei fleste, og mykje ligg allereie på nett.

Sett saman av småbilde

Utgangspunktet for kvart 360 bilde er ei bildefil på kring ein gigabyte, sett saman av bilde frå 11 Hasselblad-kamera (sjå hovudsak). For å gjere det brukarvennlig, er desse delt opp i ei mengde småbilde på 70 til 100 kilobyte.

– Det gjerast for at det skal vere muleg å zoome utan at det tek 100 år å laste. Ein treng fire til seks slike småbilde for å dekke skjermen, forklarar han.

Ta virtuell tur frå Geiranger til Trollstigen

Les intervju: Skyter 360-bilde med «super-rigg» (krever innlogging)

Portalar

Også for Ålesund har han laga ei tilsvarande løysing på oppdrag for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

På ei nettside har han plotta inn alle fjelltoppane du kan sjå frå den 1344 meter høge fjelltoppen  Dalegubben i Hjørundfjorden med majestetisk utsikt.

Ein annan variant er portalen han har laga frå Tafjordfjella med innlagde turstiar.

Du kan også finne ei rekkje andre bilde på nettstaden 360norway.net.

Les intervju: Skyter 360-bilde med «super-rigg» (krever innlogging)