- Det har nok vore ein bra smell. Det var nokre personar som datt. Ein person har dratt til lege for sjekk, seier Inge Andre Utåker i Norled til smp.no.

- Nokre bilar har også flytta seg og gått i kvarandre, fortel han.

Utåker i Norled seier dei har forsikring for bilar som får skade på denne måten.

- Dette har vi forsikringsordningar for, så det ordnar seg om bilistane tar kontakt med mannskapet før dei køyrer vidare, seier Utåker til smp.no.

Feilsøker på Ullensvang

Rute B er tilbake i normal drift frå klokka 10.30, opplyser Norled. Ullensvang var innstillt frå avgang klokka 09.00.

Ferja går 09.15, eit kvart forseinka, opplyste ein passasjer på «Tidefjord» til smp.no.

Propell slo seg ut

- Ein teknisk feil gjorde at den eine propellen, som vi brukar når vi bakkar, slo seg ut, seier kaptein Ronny Blomvik til NRK.

Det vart mindre skadar på ferja, men ferjelemmen fekk seg ein kraftig smell, og skadane er godt synleg.

Ullensvang hadde tekniske problem også 8. september, 4. september og 26. august.