Ein mann i 30-åra vart i ettermiddag pågrepen av politiet i Ulstein etter å ha tileigna seg post som ikkje var hans. Mannen opna posten før han kasta den frå seg.

I tillegg vart same person tatt for å tatt for å ha stjålet verktøy og ein sykkel. Sykkelen vart forsøkt seld på internett.

– Fornærma og politiet utførte etterforskingssteg som medførte at gjerningsmannen vart tatt, heiter det i ei melding frå John Bratland, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Gjerningsmannen skal ha erkjent forholda.

Les fleire nyheiter frå Søre her.