Ein ung mann frå ytre søre Sunnmøre er dømt til fengsel i 18 dagar og må klare seg utan førarkort i 22 månader, ifølgje ein dom frå Søre Sunnmøre tingrett.

Det var ein fredag kveld i juni, at den unge sjåføren vart teken i ein kontroll i ei 80-sone. Han la alle korta på bordet for retten, noko som vart formidlande for dommen. Mannen forklarte at han hadde skrudd på bilen og ville teste den.

Sjølv om det ikkje oppstod nokon faresituasjon og farta vart målt på ei rett strekke utan anna trafikk, meinte retten at mannen måtte sone fengselsstraff.