Politiet i Stryn gjekk laurdag ut og etterlyste tips etter at ein dement mann i 90-åra vart meldt sakna. Om lag ein og ein halv time etterpå kunne politiet melde at mannen var funnen i god behald ved sjøkanten, ikkje langt frå bustaden vest for Stryn sentrum.

Mannen vart meldt sakna klokka 10.49.

Frivillig mannskap frå Røde Kors og Norske redningshunder vart kalla inn. I tillegg var folk frå Sivilforsvaret. ambulansetenesta og politiet sett inn i søket etter mannen, opplyste Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sivilforsvaret var litt etter klokka 12 klare til innsats, medan hundekvipasjar då var på veg til søkeområdet.

– No må vi først få ei tilbamelding frå alle dei frivillige om korleis innsatsen blir. Så vil vi óg vurdere bruk av redningshelikopter, opplyste operasjonsleiar Trond Hatlenes til smp.no - kort tid før politiet sendte ut ei melding på Twitter om at han var funnen.