Det går fort når bebuarar blir sendt frå transittmottak til Volda mottak. Nokre har ikkje rukke å få bagen sin tilbake, skreiv Volda mottak på Facebook i går. Sju menn trong herreklede mens dei venta på at bagen med baggasje skulle komme.

Kleda til asylsøkarane blir nemleg fryst ned i transittmottaket, og i dette tilfellet vart dei ikkje med til det desentraliserte asylmottaket i Volda.

– Vi har ein som går rundt i shorts, fortalde Ellen Hesselberg ved Volda mottak i går.

Dette er nokre av herrekleda som kom inn til Volda mottak i går og i dag. Foto: Volda Statlige Mottak

I løpet av få timar hadde dei fått på døra stort sett det dei trong: Eit par bukser, ganske mange genserar, t-skjorter, litt ungdomsklede, to jakker, og litt ull og sko, fortel Ellen Hesselberg til smp.no.

– Vi la ut meldinga i går og fekk inn det meste i går ettermiddag og i dag tidleg, seier ho. Ho fortel at dei fortløpande legg ut meldingar på Facebook om det er ting dei treng.

Bruke tid

Så presiserer ho dette:

– Eigentleg er det ikkje ting vi treng, men at folk kan bruke litt av tida si på mottaket, seier Ellen Hesselberg.

– Er det likevel visse typar kle som det framleis er behov for?

– Vasstette ytterbukser som dei kan reise på tur i. Vintersko. Og ullklede til barn, seier ho.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no