Olympic Shipping melder i ei pressemelding at to AHTS-fartøy og ein PSV leggast i opplag. Dei går førebels ikkje ut med namn på båtane.

– Det er dei første båtane med norske folk vi legg i opplag, fortel Vegard Knardal, HR- og kvalitetsdirektør i Olympic til smp.no.

I hovudsak vil dette føre til reiarlagpermittering for omlag 60 eigne, i tillegg til avslutting av kontraktar for innleigd personell.

– Dei tillitsvalde og tilsette er varsla, og vi arbeider i fellesskap for å finne så gode løysingar som råd i denne krevjande situasjonen, seier Stig Remøy, adm. dir. i Olympic Shipping.

Vil ha folk i arbeid

Knardal og Remøy fortel til smp.no at det er dialog med dei tillitsvalde rundt kva slags løysingar som skal leggast på bordet.

– Vi har eit mål om å halde folk i arbeid, og at dette skal ramme så få som mogleg, seier Knardal.

Det er situasjonen i næringa, oljeprisen og dei internasjonale svingingane som er årsaka.

Les også: Farstad Shipping legger fem nye skip i opplag

Olympic håper at situasjonen blir kortvarig, og det er difor ein vel permittering framfor oppseiingar.

– Vi har ein del vikarar og innleigde. Det er vanskeleg å vurdere korleis tala blir, men vi går ut med ein førebels utrekning. Vi håper det blir færre permitterte.

Kan det bli fleire enn 60?