Laurdag kom beskjeden som medelevar og tilsette ved Måløy vidaregåande skule hadde stålsett seg for: Det var deire ungdomar som blei funnen døde i sjøen fredag kveld.

– Vi kan stadfeste at det var dei to sakna ungdomane, seier etterforskingsleier Øystein Ruud ved regionkontoret til politiet i Nordfjord.

Det blei gjort ein formell identifisering av den 19 år gamle mannen og 18 år gamle kvinna laurdag. Det vil likevel bli gjort ein obduksjon av dei to tenåringane ved Gades Institutt i Bergen, for å fastslå kvifor dei døde.

Skulen har ope

Det er oppretta kriseteam både i Vågsøy og Florø i Flora kommune, der dei to sakna kjem frå. Politiet har også ein tenestemann på jobb ved Måløy vidaregående skule, der dei to var elevar og budde på hybel.

Rektor: – Dette gjekk frå vondt til verre

Skulen har ope laurdag og søndag. Det vil då vere ressurspersonar til staden for oppfølging, opplyser skulen på sine heimesider.

Ifølgje Fjordenes tidene er det óg planar om ei minnemarkering måndag.

(meir å lese under bilde)

Funnen i sjøen Bilen til dei sakna tenåringane blei funnen i sjøen langs fylkesvegen mellom Selje og Vågsøy fredag kveld. Foto: Christina Hammervoll Cantero/Fjordenes Tidende

Har undersøkt bilen

Politiet og ulukkesgruppa til Statens vegvesen har undersøkt staden der bilen blei funnen ved Røyrvikneset langs fylkesveg 618 fredag kveld.

Bilen dei to køyrde blir også undersøkt av Statens vegvesen sine folk. Desse undersøkingane blei gjort i Vågsøy, og var nesten ferdig tidleg laurdag ettermiddag.

Venner i avhøyr

Etterforskingsleiar Ruud kan førebels ikkje seie kva for konklusjonar ein kan trekke om kva som har skjedd.

– Vi må vente på svara frå ulukkesgruppa, for å sjå om det kan ha vore ein teknisk årsak til det som skjedde. Utover det må vi vente på svara frå obduksjonane, seier han.

– Er det noko politiet er kjent med så langt som tyder på at dette var noko anna enn ei ulukke?

– Nei, førebels er det ingenting som tyder på noko anna, seier Ruud.

Politiet har fått opplyst at tenåringane skulle vise vegen frå Selje til Måløy for nokre venner, men at bilane mista kontakten undervegs.

Dei omkomne køyrde då ein blå Volkswagen Golf som blei funnen på ni meters djup mellom Selje og Måløy.

– Vi har snakka med den eine av desse, og den andre blir avhøyrt i løpet av dagen, seier Ruud.

Les også: Fann to omkomne etter leiteaksjon

(meir å lese under bilde)

Funnstaden Fylkesvegen på strekninga der bilen blei funnen går tett ved sjøen. Foto: Google Street View

Ønskjer tips frå publikum

Køyreturen skjedde onsdag ettermiddag, og politiet vil gjerne ha kontakt med personar som kan ha sett noko kan settast i samband med dødsfalla.

Det var tips frå publikum om merker på ein støypekant langs vegen som gjorde at politiet leita på funnstaden. Klokka 18.23 fredag kveld blei bilen lokalisert av dykkarar.