SISTE: Det ligg an til fleirtal for Fjord1-sal med ei stemme overvekt i fylkestinget måndag. Sonja Øvre-Flo (H) opplyste under ei pause i det lukka møtet at ho vil gå for sal, melder NRK Sogn og Fjordane. Partigruppa til Høgre er splitta i saka.

Følg debatten på NRK Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)

Fylkesutvalet ville tidlegare måndag ikkje selje Fjord1-aksjane, opplyser Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med fem mot fire røyster. Jenny Følling (Sp), Sigurd Erlend Reksnes (Sp), Aleksander Øren Heen (Sp) og Trude Brosvik (KrF) røysta for tilrådinga frå fylkesrådmannen. Åshild Kjelsnes (Ap), Hilmar Høl (Ap), Helen Hjertaas (AP), Gunhild Berge Stang (V) og Bjørn Erik Hollevik (H) røysta for framlegget som vart vedtatt.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

  • 1. Det blir ikkje gjeve tilslutning til fylkesrådmannen si tilråding.

  • 2. Den noverande salsprosessen blir avslutta. Det blir starta ein ny og samordna prosess for nedsal av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 AS med sikte på endeleg stilling til sal innan utgangen av 2016. I denne prosessen skal det haldast dialogmøte mellom eigarane, og mellom fylkeskommunen og selskapet, og vere samordna med Fylkesutvalet, eigarane og styret og administrativ leiing i Fjord1 AS.

  • 3. Det skal som del av ein ny salsprosess hentast inn ei uavhengig verdivurdering av selskapet.

  • 4. Rammevilkåra som offentlegheitslova og forvaltingslova set, skal klargjerast ved starten av prosessen, med mål om ein open prosess og eit best mogleg avgjerdsgrunnlag for Fylkestinget sine medlemmer.

Fylkesrådmannen rådar politikarane til å selje aksjane sine trinnvis til konkurrenten Torghatten. Sævik-familien i Herøy eig i dag 41 prosent av Fjord1 gjennom selskapet Havilafjord, og seier dei er villeg til å ta saka heilt til Høgsterett dersom dei ikkje får nytte forkjøpsrett ved sal av aksjar.

– Eg trur fylkesutvalet har gjort eit klokt vedtak for å unngå ein langvarig strid. Så gjenstår det å sjå om fylketinget kjem til det same, seier Per Sævik i ein kort kommentar til smp.no.