Sunnmøre politidistrikt melde på Twitter like før klokka 13 at dei hadde rykka ut til ei arbeidsulukke med personskade. Ulukka skjedde ved ein produksjonsbedrift i Ørsta sentrum.

– Det er ein arbeidar som fekk ei metallplate på 150 kilo over vrista. Vi veit at vedkommande fekk skader, men har ikkje fått opplyst meir om kva som har skjedd, seier politiet sin operasjonsleiar, John Bratland, til smp.no.

Politiet fekk melding klokka 12.44 og då var ambulansen allereie på staden.

Også Arbeidstilsynet er varsla om hendinga.