Det er Folkeaksjonen for Volda sjukehus som kjem med invitasjonen til alle ordførarar på søre Sunnmøre og i nordre Nordfjord. Mange av desse hadde ikkje høve til å møte opp under fakkelaksjonen sist tysdag.

Initiativtakar til fakkeltoget, Synnøve Rekkedal Hill, presiserer at invitasjonen sjølvsagt handlar om informasjon - ikkje operasjon denne gongen.

– Eg opplever at det er eit stort behov for informasjon om kva sjukehuset faktisk driv med og samanhengane kring dette, sa Rekkedal Hill til Sunnmørsposten under fakkelaksjonen tysdag kveld.

Sjå video: Minst 6000 i fakkelmønstringKlinniksjef: – Én person vil dør årlig om akutten legges ned

Då var det klart at mange ordførarar var hindra i å møte opp på så kort varsel. Legar frå tre sentrale avdelingar vil gje ei grundig innføring arbeidet sitt.