Smp.no sin kontaktmann i Årsetdalen ved Vartdal  finn ikkje raset som er meldt.

– Nei, eg er ikkje i stand til å sjå noko som helst ras i dalen her. No har eg køyrt begge sider av dalen, og her finst ingen ras å sjå. Derimot er her nokre stader ein god del overvatn på vegbanen, men her går fortsatt fint an å køyre bil, fortel Ottar Per Kvien.

Kvien bur sjølv fremst i Årsetdalen. Han kan altså avkrefte at meldinga som gjekk ut frå politiet om lag klokka 13,15,  om ras i dalen.

– Folk frå Mesta på staden no – vurderer stenging av vegen viss vatnet ikkje går ned med det første, melder smp.no sin reporter på staden.

Krisemøte

Ordførar Stein Aam er varsla om situasjonen i Årsetdalen.

Etter dei rapportane han har fått, handlar det om eit lite skred, skriv Ørsta kommune.

Kommunen er redd fordi det kan kome meir. Ordføraren har kalla inn kommunen si kriseleiing for å vurdere uveret som no herjar i Ørsta.

Aam fortel til eigne nettsider at det også er meldt om flaum i Kunsthuset i Ørsta.

Smp.no kjem med meir.

Les også: E39 Ørsta - Ålesund stengt

Det har vore fleire større jordras og tilhøyrande overfløyming  av vatn her i Årsetdalen ved Vartdal siste par åra. Men raset som vart meldt fredag ettermiddag har ingen førebels sett… Arkiv. Foto: Knut Arne Aarset