– Det oppstod ingen personskade. Men det er altså nokre gutar i midten av tenåra som i løpet av natta har tatt mors bil og tatt seg ein køyretur, opplyser operasjonsleiar Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt laurdag ettermiddag.

Gutane la kursen mot Flø, som ligg ved fylkesveg 25 i Ulstein kommune.

Dette er ein veg som til dels er svingete og smal. Ute på Flø kom bilen såpass utfor vegen at dei ikkje kom seg laus.

Og slik enda den køyreturen.

Aldersgrensa for å ta bilsertifikat i Norge er som kjent 18 år, og gutane var altså under denne alderen. Politiet har bestemt å opprette sak på forholdet.