Brannfolk frå Måløy rykka måndag kveld ut etter at det blei meldt om brann i ein bustad i Refvika i Vågsøy kommune.

Ifølgje den første meldinga befann det seg fire til fem personar seg i huset då det tok til å brenne, opplyste politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

– Vi har fått opplyst at det var tre personar i huset. Alle kom seg greit ut, men nokre har fått i seg litt røyk, fortel vaktleiar ved alarmsentralen for Sogn og Fjordane til smp.no.

Helsepersonell på staden behandlar dei som hadde behov for oppfølging, men truleg er det ingen som blir brakt til sjukehus som følgje av skadene.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Brannen blei meldt klokka 18.55, og var sløkt om lag 20 minutter seinare. Både huseigaren og brannvesenet deltok i sløkkinga.

– Røykdykkarar har vore inne i huset for å undersøke forholda og ettersløkke, seier vaktleiaren.

Ved 19.25-tida dreiv brannvesenet framleis med ettersløkking. Det skal ikkje ha vore fare for at brannen skulle spre seg til andre bygg.

– Vi har fått opplyst at brannen ved peisen, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no