Dette fekk Høgskulen i Volda og dei to andre skulane beskjed om i brev frå Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen måndag.

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda seier til skulen si eiga heimeside at han er overraska over at Kunnskapsdepartementet ikkje har sett potensialet i eit friviljug samarbeid mellom tre gode høgskular.

– Vi må no drøfte situasjonen grundig i leiinga og i høgskulestyret, både for å vurdere brevet og det vidare arbeidet i strukturprosessen, seier Roppen.

– Eg er sikker på at vi vil finne gode løysingar for Høgskulen i Volda i det nye høgskulelandskapet, legg Johan Roppen til.Dei tilsette på Høgskulen i Volda er innkalla til allmøte om saka onsdag 10. februar.