Traseen inneber tilkopling av riksveg 5 og ferjefritt samband Mannheller–Fodnes.

Nordfjordrådet meiner dette vegvalet vil tene fylket og region best, noko også transportnæringa, samt NHO i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er tydelege på.

– Ein må stå fjellstøtt og samla om dette, når det no tyder på at kampen kan stå mot riksveg 7 over Hardangervidda. For Nordvestlandet vil det verte eit tilbakesteg om ein landar ned på at ingen av trasévala går gjennom Sogn og Fjordane, heiter det i uttalen frå Nordfjordrådet.

Rådet er likevel tydeleg på at ny tunnel på riksveg 15 Strynefjellet, med arm til Geiranger, må setjast i gong.