Oppdatering: Ankera til den store bøya vart lagt ut onsdag. Torsdag skal dei forsøke å setje ut sjølve kraftverket.

Over ser du den 42 meter lange kolossen som skal setjast ut i sjøen utanfor Runde. Når kraftverket er montert i sjøen, skal berre fire meter stikke opp.

– Det er store konstruksjonar, så det er klart, det er spanande både med utsetjinga og korleis dette går både på kort og lang sikt, seier Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Langt dyrare enn vasskraft

Bølgjekraft kan umuleg konkurrere med vasskraft frå Tafjord og Tussa. Rundt 12 øre kostar det for Tafjord å produsere éin kWh i eit nedbetalt vasskraftverk, ifølgje direktør Stig Falling i Tafjord.

For det nye bølgjekraftverket blir prisen ein heilt annan.

– Vi reknar med at det no i starten hamnar på rundt 2,50 kroner per kilowattime, seier Ulf Lindelöf.

Han er dagleg leiar for selskapet som prøver å gjere bølgjekraft lønsamt, Waves4Power i Göteborg.

– Men om alternativet er å brenne diesel, så bedømmer vi det slik at bølgjekraft allereie no er lønsamt. På sikt blir prisen truleg rundt 40-50 øre/kWh, seier Lindelöf.

Testar ut

250.000 kilowattimar i året vil bøya produsere no i starten.

– Vi vil forsyne Runde Miljøsenter og nokre andre hus med straum.

– Men vi tar ikkje ut heile potensialet no. Vi vil først stress-teste anlegget før vi installerer ein større generator, seier Ulf Lindelöf.

Kraftverk til havs

Og så håper han det skal gå slag i slag.

– Det neste bølgjekraftverket reknar vi med kjem på eit oppdrettsanlegg til havs. Vi er i kontakt med selskap som prosjekterar oppdrettsanlegg ute i havet. Neste sommar er vi truleg klar, seier Lindelöf og held fram:

– Dei to mest interessante landa for bølgjekraft er Norge og Storbritannia. Her er det meir energi i bølgjene. Men heile kysten av Vest-Europa er aktuell.

Produsere bølgjekraftverk på Sunnmøre?

Selskapet ønskjer å knytte seg opp til teknologi-miljøet på Sunnmøre. Målet for selskapet er å produsere bølgjekraftbøyer på Sunnmøre.

Kanskje skal dei inn i hallen som Ulstein Group hadde i Vanylven.

– Vi har diskusjonar med Vanylven kommune om produksjon på Fiskholmen. Dersom kostnadene er konkurransedyktige, ser vi muligheit til produksjon. Det er tidleg i prosessen. Men vi har som mål å produsere bølgjekraftbøyer på Sunnmøre, seier Lindelöf.

– Kimen er sådd, prosjekt har begynt, og så får vi håpe på næringsutvikling. Det meste her på Sunnmøre har byrja i det små, seier Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Til olje-plattformer?

Visjonen til det svenske selskapert er også å levere straum til oljeplattformer. Då treng dei kanskje 20.000 bøyer til ei oljeplattform, i tillegg til politisk velvilje.

Kraftverket er mest effektivt der havet er 50-200 meter djupt, ifølgje det svenske selskapet.

Dei er også i samtalar med Siemens om å lagre energien, ikkje i batteri men ved å bruke hydrogen som energiberar.

– Vi har ein visjon at det i 2021 er store bølgeparkar utanfor Norge som forsyner oljeplattformer. Draumen er at Norge skal bruke grøn energi til å pumpe olje, seier Lindelöf.