Overfallet skjedde natt til søndag ved turstien i Elvadalen i Volda, i tidsrommet 01.30-02.15.

- Vi er svært interessert i å kome i kontakt med folk som kan ha sett noko i dette tidsrommet, seier Hagen til smp.no.

Kvinna har forklart at det var fire mørkhuda menn som la henne i bakken og rispa henne i ansiktet med kniv. Mennene snakka eit utanlansk språk, og overfallet skjedde ved undergangen der E39 går, altså langt nede i turområdet Elvadalen.

- Eg vil takke publikum for god hjelp så langt, men vi treng fleire tips for å kome til bunns i saka, seier Hagen. Politiet har brukt mykje ressursar på å oppklare saka, og mange har blitt avhøyrt.

- Men per no har vi ikkje grunnlag for å mistenke nokon, seier Hagen.

- Korleis går det med kvinna?

- Ho er berre lettare skada, og det er ikkje snakk om eit seksuelt overgrep, men vi ser naturlegvis svært alvorleg på saka. Vi gjer alt for at dette ikkje skal skje igjen. Vi har hatt tidlegare saker med enkeltoverfall, men det er første gong i vårt område med eit slikt gruppeoverfall, seier lensmann Hagen.

Politiet hadde patrulje ute i det aktuelle tidsrommet, og har avhøyrt mange for å danne seg eit bilde av situasjonen i Volda sentrum natt til søndag. No ber dei altså om meir hjelp, og ber folk ringe politiet om dei kan ha sett noko.