Det mest kinkige punktet vart rydda opp i då forhandlingsutvala om kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda møttest torsdag formiddag.

Kommunesenter i Ørsta

Det er prinsipiell semje om at kommuneadministrasjonen skal liggje i Ørsta, og at kommunen skal heite Volda/Ørsta.

Plassering i Ørsta var eit absolutt krav frå Ørsta si side.

  • Volda skal vere hovudsete for pleie og omsorg og andre «mjuke» etatar.

  • Volda sitt absolutte krav var at investeringsplanar skal nullstillast frå 2020, det vil seie at det ikkje skal leggjast føringar for pengebruk etter 2020.

Dette kravet signaliserte Ørsta-politikarane at dei er innstilte på å imøtekome. Her ligg det an til ei pakkeløysing som betyr at Ørsta skal få byggje fleirbrukshall med symjebasseng i inneverande periode, medan Volda kan kople seg på planane om utviding av campus på Høgskulen, inkludert kulturhus.

– Vi har gjort eit gjennombrot, som det er all grunn til å gratulere med, sa Volda-ordførar Jørgen Amdal då møtet vart heva.

Inviterer Hornindal

Det var også brei semje om at Hornindal skal inviterast inn til forhandlingar, sjølv om Ørsta-ordførar Stein Aam bad om tenkjepause på dette punktet.

– Det er godt at det vanskelege punktet om plassering av kommuneadministrasjon endeleg kom opp. Og eg for min del fekk gjennombrot for mine synspunkt, seier Stein Aam.

Folkeavstemning

19. mai er det folkeavstemning i dei to kommunane.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook