– Målet vårt er å opne senteret meir for ålmenta, og gjere det så attraktivt at folk kjem raskt tilbake, smiler Stein Tony Eidsaa, dagleg leier for Kjeldsund Ungdomssenter.

Det er Torstein Lervik, arkitekt og styremedlem i senteret, som har laga planane.

Han strekar under at utvendig er det minimale endringar som skal gjerast, det er inni at senteret blir betydeleg oppgradert.

– Vi vil invitere inn dei som dreg forbi, til dømes i båt. Her skal dei kunne gå i land og kjøpe mat, nytte seg av dusjar og toalett og vaskerom. Og dei skal kunne overnatte her, seier Lervik.

Tre knaggar

Handelssenter Hovudbygget på Kjeldsund vart bygd opp att etter ein brann i 1926, og då i ein heilt anna stil enn før. Foto: Terje Engås

Stein Tony Eidsaa legg til at Kjeldsund har tre knaggar for drifta. Det er for det første leirstad og leirskule, for det andre kurs og konferansar, bryllaup og andre selskap.

– Det er berre ti minutt sidan eg fekk bestilling på ein konfirmasjon i 2019, smiler han.

Den tredje knaggen til Kjeldsund er ferie- og fritidsmarknaden.

– Det siste er eit satsingsområde for oss, og der har vi ønske om å forbetre oss ved å oppjustere og tilføre senteret nye tilbod, legg Eidsaa til.Reint konkret gjeld det mellom anna planar om å lage ein aktivitetspark.

– Vi ønsker til dømes at familiar skal ta søndagsturen sin hit, prøve aktivitetsparken og deretter middagsbuffen, fristar Eidsaa.

Ball

Og det treng ikkje vere på ein søndag, heller. Over påske tek dei til med ballbuffet, sjølvsagd om torsdagane.

– Dette området her er Sunnmøre sin skjergard, med holmar og sund – og i ly for vind og vêr. Mellom anna er det populært å padle med kajakk her, seier Øyvind Storøy, styremedlem i Kjeldsund ungdomssenter.

Arkitekt Torstein Lervik ser for seg at oppgraderinga av senteret skjer i tre fasar.

– I første fase tek vi for oss dusjar og toalett for båtfolket, i fase to tek vi det nyaste bygget der vi byggjer nytt kjøken og aukar standarden på overnatting betrakteleg. Fase tre går ut på å ruste opp sjølve hovudbygget, der vi mellom anna hevar standarden på overnattinga.

Lervik ser for seg at alt dette kan gjerast i løpet av ein periode på tre år, og at ein tek til på arbeidet allereie over påske.