I går var morgonbussen frå Ulsteinvik så sein at folk ikkje rakk hurtigbåten frå Hareid. I dag kom ikkje bussen i det heile tatt.

Rakk ikkje flyet

Ganske mange har stått og venta forgjeves på bussen. Jon Georg Larsen i Ulsteinvik er sjølvstendig næringsdrivande og skulle på eit oppdrag i Oslo.

– Eg skulle ta bussen klokka 07 frå Ulsteinvik sentrum saman med ein masse andre. Eg skulle ta flyet klokka 09.10. Vi venta og venta, og spurde andre bussjåførar som stoppa der om dei visste noko, men dei hadde ikkje telefonsamband med bussane, seier ein irritert Larsen.

– Ein ting er tapt arbeidsforteneste. Men her er avtalar på sentralsjukehuset og andre avtalar som blir kansellert. Dette er så dårleg at det ikkje finst gode nok ord som skildrar kva eg synest, skriv Anita Brandsvik i eit brev til Mafoss, Maritim foreining søre Sunnmøre.

– I dag veit eg det er mange som har sendt mail til fylket med klage på dette, seier Brandsvik til smp.no.

Set inn ekstrabuss

Det har lenge vore kamp mot minutta for bussen på denne strekninga.

– Men det treng ikkje vere slik. Det viktigaste er at folk kan stole på at bussen kjem, seier Svein Ivar Aarskog i samferdselsavdelinga på fylket.

Frå onsdag set fylket inn strakstiltak med ekstra buss frå Ulsteinvik

– Eg beklagar veldig det som har skjedd. Sånn skal det ikkje vere. Folk skal stole på oss, og då er vi nøydd å levere så folk kan stole på det, seier Aarskog til smp.no.

Endrar rutetidene

Frå 1. mai vil fylket også endre på rutetidene slik at det blir betre margin.

– Vi justerer rutetidene, for at folk skal kunne vere sikker på å rekke hurtigbåten. Det blir frå 1. mai, vi får ikkje gjort det før, seier Aarskog.

Nye bussar, dårlegare trekkraft

Magne Hetle er kontraktansvarleg i Nettbuss for bussane på søre Sunnmøre.

– Det var glatt i går. Og i dag må vi ta skulda sjølv, det var ei misforståing om kven som skulle vere sjåfør, seier Hetle til smp.no.

Etter at Garneskrysset vart knutepunkt for bussane, har det fleire gonger blitt ein kamp mot klokka.

– Bussane skal korrespondere. Dersom ein buss er forseinka, må andre vente, slik at vi er sikker på at vi får fanga opp alle passasjerane, seier Hetle. Han ser fram til ruteendringa frå 1. mai.

Men han stadfester også ryktet om at det er dårlegare motorkrafta i dei nye bussane.

– Bussane går seinare i motbakkar. Oppgradering av motorane skal vi byrje på i veke 10, seier Hetle.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.