Ingvild Mork som er busett på Bjørke hamna rett inn i snøskredet som gjekk over fylkesveg 41 i Ørsta ved 9.30-tida torsdag.

– Det var eit ganske lite ras som gjekk framfor meg. Eg klarte ikkje stoppe bilen, og fekk fronten fast i snøen, fortel ho til smp.no.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

NRK Møre og Romsdal melde først om ørstakvinna som hamna i dramaet, som heldigvis enda bra.

– Eg veit at det kan gå større ras på staden, så eg var litt bekymra for om den store fonna skulle kome, seier ho.

– Først då forstod eg kva for oppstyr dette hadde laga, men denne gongen var det heldigvis berre ein forsmak på det større raset, legg ho til.

Stengt Hit, men ikkje lengre kom bilistane på fylkesvegen inn mot Bjørke etter raset. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Stengt inntil vidare

Det var ei stund uvisst om personar eller bilar var tekne av snømassane, og både naudetatar og mannskap med lavinehundar blei kalla ut til skredet som gjekk ved Bueidet.

Politiet kunne raskt avdramatisere situasjonen då dei kom fram, og ved 10-tida var vegen blitt brøyta og aksjonen avslutta frå politiet si side.

Vegen er likevel stengt inntil vidare. Dermed er den vesle bygda inst i Hjørundfjorden også avskoren frå omverda.

Se vegmeldinger for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)Se vegmeldinger for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)

– Om vegen held fram med å vere stengt veit eg ikkje heilt korleis eg kjem meg heim, men ein får vel vere kreativ, seier Mork.

Stor skredfare

Både på Sunnmøre og i Romsdal blir det torsdag advart om stor skredfare - faregrad 4.

Dette er den neste høyeste faregraden og innebærer at større snøskred kan utløses naturlig, samtidig som man kan forvente at skiløpere utløser skred.