Politiet på Sunnmøre melder om eit snøskred som har gått over fylkesveg 41 i Skjåstaddalen i Ørsta torsdag føremiddag.

Det var ei stund uvisst om personar eller bilar var tekne av snømassane, og både naudetatar og mannskap med lavinehundar blei kalla ut, melde politiet på Twitter. Ifølgje 110-sentralen for Møre og Romsdal gjekk skredet ved Bueidet.

Etter at politiet kom fram til staden, avdramatiserte dei situasjonen. Ein bil hadde sett seg fast i snømassane, men kom seg laus, ifølgje politiet.

Bilisten var Ingvild Mork som var på veg frå Bjørke til Volda då snømassene brått deisa ned framfor bilen.

Les også: – Eg var litt bekymra for om den store fonna skulle komeLes også: Advarer mot stor skredfare og vanskelige kjøreforhold

Vegen var ved 10-tida blitt brøyta og aksjonen avslutta frå politiet si side, melde politiet då på Twitter.

Både på Sunnmøre og i Romsdal blir det torsdag advart om stor skredfare - faregrad 4.

Dette er den neste høyeste faregraden og innebærer at større snøskred kan utløses naturlig, samtidig som man kan forvente at skiløpere utløser skred.

Fleire vegar er torsdag stengt på grunn av fare for ras, mellom anna fylkesveg 61 i Vanylven mellom Sunnmøre og Nordfjord.

Se vegmeldinger for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)Se vegmeldinger for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)