Det har knapt vore diskutert, men allereie synast det klart at «Runde» vert namnet på den nye kommunen. Truleg var det Renathe Rossi-Kaldhol frå Ulstein, eller Helge Støylen frå Sande, som først drog namnet på banen i samtalane om kommunesamanslåing, under eit gruppearbeid i januar.

Men truleg var det Ulstein-ordførar Knut-Erik Engh som først nytta namnet i eit Facebook-innlegg der han omtala sin idealkommune.

– Eg trur det er eit namn som kan vere samlande, og som kan fungere som eit varemerke for kommunen, seier Engh.

Så langt har ingen ytra motstand mot bruken av namnet. Fredag held kommunane fram med nytt forhandlingsmøte.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Runde kommune Nær sagt utan diskusjon har «Runde» segla opp som det sannsynlege kommunenamnet. Etter ein kort diskusjon vert (f.v.) Renate Rossi–Kaldhol, Steinar Torvik, Annika Brandal, Tine Storøy og Olaus-Jon Kopperstad samde om at namnet først dukka opp i eit gruppearbeid i januar. Foto: Marius Rosbach

Les heile utkastet til avtale til høgre (under om du les på mobil)

Kommunesenter

Måndagens møte på Larsnes var lenge reine idyllen der ein diskuterte for og mot formuleringar i avtaleteksten. Men då diskusjonen kom inn på «einigheita» om at Myrvåg i Herøy skal vere nytt kommunesenter, buldra konfliktane opp til overflata.

Les også: Myrvåg inne i avtalen som nytt kommunesenter

I teksten som blei nytta måndag, heiter det at «det er kun strategisk leiing (...) som skal lokaliserast til nytt kommunesenter». Men nemnde Engh foreslo i staden å nytte «administrasjonsstad», og at det ikkje eigentleg var snakk om eit rådhus.

Samstundes la han til at Herøy måtte gi litt etter at dei fekk gjennomslag for Myrvåg.

– Utvatning

Da rann det over for Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr:

– Dokker må gjerne forhandle med dokker sjølve. Eg høyrer ikkje eit snev av «å gi» frå Ulstein si side.

Goksøyr påpeiker til Sunnmørsposten etterpå at Herøy ikkje må skrive under på ein avtale dei ikkje er nøgd med:

– Dette er ei utvatning av det vi eigentleg diskuterer. Skal ein ha ei administrativ leiing på Myrvåg, så må det gå an å kalle huset for det ein brukar kalle slikt - og det er rådhus, seier Goksøyr.

– Det er så vage formuleringar at ein like godt kan finne på å røme Myrvågane dagen etter avtalen er skriven, heldt Goksøyr fram og viste til at det i avtaleutkastet stod at «strategisk leiing er tenkt lokalisert til Myrvågane».

Vil vere tydeleg

Det siste var ei formulering prosessleiar Per Ivar Lied tok på sine skuldrer, og lova å presisere.

– Eg høyrer han seier det var hans skuld, men eg er ikkje så sikker på det, seier Goksøyr til det.

Krevjande Prosessleiar Per Ivar Lied (nærast til høgre) har eit godt stykke arbeid igjen før dei fem kommunane har ein endeleg intensjonsavtale om kommunesamanslåing. Foto: Marius Rosbach

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Herøy-ordføraren meiner samarbeidspartnarane må vere tydelege på at ein går for Myrvåg, og at det må vere ei satsing med tilhøyrande bygningsmasse.

– Om ein tenkjer at det skal lagast til enkle løysingar for ei kortare periode, så er det lite truverdig, seier Goksøyr.

Skjulte ambisjonar?

Ulstein-ordføraren seier til Sunnmørsposten at det viktigaste ikkje er kva ein kallar Myrvåg, men kva innhald ein legg i plasseringa av ei kommuneleiing.

Engh påpeiker - slik det står i noverande avtale - at Myrvåg ikkje skal ta over funksjonane til eksisterande sentra:

– Rådhus kan vi godt kalle det, men poenget vårt er at vi skal vidareutvikle dei eksisterande tettstadene og kommunesentra som er i dag. Vi skal ikkje drenere dei for verken oppgåver eller tenester, seier han.

Kommunesentrum Myrvåg i Herøy er kompromisset dei fem kommunane på ytre søre Sunnmøre har vorte samde om som staden der den nye kommuneleiinga skal vere. Foto: Knut Arne Aarset

Herøy-ordføraren er naturleg nok klar over at kommunen vert sett på som den mest motvillige parten i samarbeidet, så spørst det om kva som ligg bak reaksjonen.

Engh svarar slik:

– Eg trur dette synleggjer at Herøy har ambisjonar på vegner av Myrvåg, som dei ikkje delar med oss, seier han til Sunnmørsposten.

At Myrvåg - berre ei dryg mil frå Ulsteinvik sentrum - skal utvikle seg til eit handelssenter i regionen er ikkje ein utvikling som vil bli sett på med blide auge i Ulstein.

Samferdsel

Allereie tidlegare på punkta om samferdsel kom motsetningane mellom Ulstein og Herøy klart fram. I avtalen som låg føre måndag, var det lista opp fleire satsingar på samferdsel mellom anna ny innfartsveg til Fosnavåg og Dragsundbrua.

Engh foreslo at ei heller kunne nytte ei formulering om «hovudtransportårer», og meiner det var viktigast å først få på plass dei største prosjekta - som Hafast - i avtalen.

Både Sande-ordførar Dag Vaagen og Vanylven-ordførar Lena Landsverk meinte prosjekta burde stå som dei gjorde, inkludert Sande fastlandssamband og Rovdefjordbrua.

Samferdsel Både Lena Landsverk frå Vanylven og herøyværingane Svein Gjelseth og Arnulf Goksøyr ville ha med punkta om samferdselstiltak slik dei stod i avtalen. Foto: Marius Rosbach

Hareid-ordførar Anders Riise kom med eit forslag til løysing:

– Kanskje kvar kommune kunne ta med seg nokre prosjekt dei ville ha inn, meinte han.

– Då stryk vi Dragsundbrua, så kan dokke kome med den, sa Herøy-ordførar Goksøyr då det vart hans tur - og stilte spørsmål ved om det var eit ønskje om å kome fram til ein avtale.

Økonomi og skular

Men sjølv om det er eit godt stykke att til full einigheit, er det like haldningar på fleire viktige punkt.

Økonomi har vore eit vanskeleg tema innleiingsvis, ikkje minst fordi Ulstein har om lag dobbelt så høg gjeld per innbyggjar som dei andre kommunane har i gjennomsnitt. Kommunane har difor vore samde om at gjelda må harmoniserast fram til samanslåing. Samstundes skal alle levere eit positivt driftsresultat.

Også når det gjaldt ønskje om å få inn ei meir konkret innhald om satsinga på dei vidaregåande skulane, kunne Herøy- og Ulstein-ordføraren møtast.

– Bommar vi på dette, så bommar vi på alt, sa Arnulf Goksøyr og viste til utfordringa med å halde på ungdomen i regionen.

Knut-Erik Engh sa seg samd i dette, og ville samstundes at høgskulane i regionen blei nemnt.

Krinsar og nynorsk

Fleirtalet ønskja også at det skal stå i avtalen at plasseringa av tenester som skule, eldreomsorg og legesenter, ikkje skal verte endra som følgje av ei samanslåing.

At nynorsk skal vere målforma, er det heller ingen tvil om. Det er så sjølvsagt at det vart stilt spørsmål ved om det var noko vits å ha med i det heile.

– Eg foreslo dette, og tenkte det kunne vere greitt at vi var samstemte om noko også, var Goksøyr sin kommentar.