- Vi klarer oss fint åleine, og ønskjer Sogn og Fjordane lukke til, seier rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda etter det som skjedde i Loen onsdag.

Styra for dei to høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane var først samla til felles styreseminar, før dei gjekk til kvar sine møte for å velje vegen vidare.

Samarbeid med Bergen

Styret ved Høgskulen i Volda vedtok samrøyste å gå vidare i samtaler med høgskulen i nabofylket i sør. Men straks etter at styret i Volda hadde sagt sitt, kom høgskulestyret i Sogn og Fjordane til ein heilt annan konklusjon.

Roppen fortel at ein visste at styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, HSF, var usikre, så slik sett er han ikkje overraska over vedtaket.

- Vi må akseptere og ta til etterretning vedtaket. Og uansett utfall vil vi halde fram med å samarbeide med Sogn og Fjordane, seier Roppen.

- Men kva no?

- Vi klarer oss fint åleine. Vi i rektoratet har også gått til val på sjølvstendelina, seier Roppen og legg til at dette ikkje betyr at ein ikkje skal snakke med andre. Blant anna meiner han samarbeid med Universitetet i Bergen er både interessant og viktig.

Ingen tvangssituasjon

Roppen trekkjer også fram at Høgskulen i Volda har eit godt innarbeidd namn og opplever stor søking, og han meiner skulen absolutt ikkje er i ein tvangssitasjon eller i naud som følgje av at Høgskulen i Sogn og Fjordane avviste invitasjonen.

- Eg kallar ikkje inn til noko ekstraordinært styremøte for å handtere krise, for å seie det slik, seier Roppen som altså ikkje meiner det er noko krise for Høgskulen i Volda å bli avvist av HSF.

Sjølv er han skeptisk til fusjonar, men meiner at HSF truleg er einaste høgskulen ein kunne ha fusjonert med, utan at samfunnsoppdraget om å utdanne yrkesgrupper som lærarar og sosionomar, kom i fare.

Går mot Bergen, Stord og Haugesund

Høgskulestyret i Sogn og Fjordane uttaler i vedtaket at dei er positive til initiativet frå Volda, men finn ikkje grunnlag no for å gå vidare med fusjonsforhandlingar med Høgskulen i Volda åleine.

Styret ber i staden rektoren gå vidare i forhandlingar om ein felles fusjonsplattform med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund.

Høgskulestyret i Sogn og Fjordane var splitta i saka, og fire av representantane ville gå vidare med fusjonsforhandlingar med Volda, ifølgje NRK Sogn og Fjordane som var til stades på møtet.

Johann Roppen er rektor ved Høgskulen i Volda og meiner det ikkje er noko krise for skulen at Sogndal har avvist fusjon. Foto: Charlotte Karoline Kvistad