Mannskap frå teknisk etat i Hareid kommune rykka ut til staden etter at dei fekk meldinga ved 15-tida.

– Dette hadde ikkje gått bra viss der kom folk gåande eller syklande, slår dei fast til Vikebladet.

Ifølge avisa har steinblokka kome frå høgt oppe i fjellsida, og brøyta veg i skogen på oppsida av vegen. Vaktfolka til teknisk etat meiner det bør kome ein geolog for å sjå nærare på fjellsida.

Måndag kveld kan oppsynsmann Harald Arne Berstad ved teknisk etat opplyse at steinen truleg veger om lag 21 tonn, og må sprengjast vekk, ifølgje Vikebladet.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Politiet melde om hendinga på

Twitter

like før klokka 16, og kunne slå fast at det ikkje var snakk om personskade.