– Dersom Volda meiner at Ørsta er finaste bruda, så må dei satse på det. Eller så kan denne bruda snu seg vekk, sa Ørsta-rådmann Wenche Solheim, i samband med at forhandlingsdelegasjonane møttest for å signere avtalen tysdag formiddag.

– Vi er for fleirkoneri, sa Volda-ordførar Jørgen Amdam, spøkefullt.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Bak den gode tonen skjuler det seg usemje om korleis det vidare løpet no skal leggjast.

– Eg har ikkje heilt sansen for det Volda held på med, og oppmodar til at strategien vert endra, sa Per Are Sørheim (H) i Ørsta sin forhandlingsdelegasjon.

Les intensjonsavtalen her.

Fryktar avtalen vert svekka

Problemet for Ørsta er at Volda har innleidd samtaler med Hornindal og Stryn om ein intensjonsavtale om samanslåing. Rådmennene har alt skissert ein avtale, og onsdag skal politikarane møtest til første forhandlingsmøte.

– Det gjer vi fordi Stryn og Hornindal treng ei avklaring før 19.mai, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Les den signerte avtalen til høgre (under om du leser på mobil)

Ørstingane fryktar at dobbeltløpet til Volda skal svekke intensjonsavtalen mellom Ørsta og Volda, som skal ut til folkeavstemming 19. mai. Ørsta vil vurdere forhandlingar med Stryn og Hornindal først etter folkeavstemminga.

– Eg er bekymra for signaleffekten når Volda alt no startar forhandlingar med Hornindal og Stryn, seier Ørsta-ordførar Stein Aam.

– Plan B

Men Jørgen Amdam i Volda meiner dei er ryddige nok.

– Plan A for Volda er samanslåing med Ørsta. Dersom ørstingane ikkje vil , er plan B samanslåing med Hornindal og Stryn. Men eigentleg likar eg plan C best, og det er ei samanslåing mellom Volda, Ørsta, Hornindal og Stryn. Det er først då vi verkeleg kan bli eit regionalt tyngdepunkt, seier Jørgen Amdam til Sunnmørsposten.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Intensjonsavtalen mellom Volda og Ørsta tek sikte på å gjere Volda og Ørsta til ein regionsenter nummer fire på Nordvestlandet, under slagorden «Sterkare saman»

– Eg er samd i at vi vert sterkare saman, anten det skjer gjennom samanslåing eller gjennom samarbeid, slik vi har fleire døme på allereie, seier ordførar Stein Aam i Ørsta, som enno ikkje vil seie tydeleg om han er for eller imot Volda/Ørsta-kommune.