Den nye dokumentarfilmen «Sunnmøres Alpine Arv» har premiere på TV tysdag 15. mars.

Frå fjorden

Filmen presenterer tindebestiginga si pionertid og dei seinare epokane og milepålane i fjellkulturen på Sunnmøre. I tillegg får sjåarane vere med tre fjellklatrarar av i dag, når dei prøver seg på å klatre Slogen (1564 m.o.h.) frå fjorden vinterstid.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Denne bratte ruta var britane Reaburn og Ling dei første til å klatre sommaren 1903.

Pionerar: Avslappa klatrarar på Holtannspinakkelen. Bilete frå filmen «Sunnmøres Alpine Arv».

Historisk

– «Sunnmøres Alpine Arv» er eit historisk dokument om ein fjellkultur som er i stadig utvikling, har Eirik Vaage sagt til Sunnmørsposten tidlegare.

Vaage har laga filmen saman med Carl Jørgen Nesset, begge held til i Volda. Dei to vart fasinerte av historiene om dei britiske pionerane som til skilnad frå fjordfolket ikkje syntest fjella stod i vegen, men i staden såg dei som vakre tindar som måtte klivrast på.

På kino

Det er over 20 år sidan sist NRK var med å produsere ein dokumentar om norsk tindehistorie. Filmen har vore vist på kino i Volda, Ørsta og Ålesund tidlegare denne månaden.