Ulstein vil unngå at Myrvåg blir kommunesenter.

På Fosnavåg Shippingklubb sitt møte om kommunereforma tysdag deltok ordførarane i dei fem kommunane på ytre søre.

– Frå Ulstein si side seie seier vi no ja til at eit framtidig kommunesenter vert lagt til Hareid eller Fosnavåg, refererer Nett.no frå møtet.

Overfor smp.no stadfester Engh at Ulsteinvik ikkje har krav om rådhuset.

– Men var de ikkje einige om å legge rådhuset til Myrvåg?

– Det var ei foreløpig einigheit om Myrvåg, men vi var ikkje einige om kva som skal liggje i Myrvåg. Ulstein si haldning er å styrke dei eksisterande tettstadene. Vi går ikkje i brot på intensjonsavtalen om Myrvåg blir valt, men det endelege resultatet blir avgjerande for kva vi anbefaler for våre innbyggjarar, seier Ulstein-ordføraren til smp.no.

– Kva krav vil Ulstein stille som motyting for at kommunesenteret blir lagt til dagens Herøy kommune?

– Vi forventar at Ulsteinvik skal ha ein viktig funksjon også i framtida. Før helga vil vi sende over nye formuleringar i intensjonsavtalen til dei andre kommunane, seier Engh.

Berre Hareid og Ulstein

Hareid på si side forhandlar også med Ålesund-regionen, om ei storkommune på nordre Sunnmøre.

Torsdag får Hareid kommunestyre lagt fram eit forslag om å forhandle også med Ulstein åleine.

– Vi håper å finne fellesskap med Hareid. Det er ein del av vår felles framtid uansett korleis det måtte gå, seier Ulstein-ordføraren til smp.no.

Små kommunar vil tape pengar dersom regjeringa sitt forslag til inntektssystem blir vedtatt i Stortinget. Engh reknar med at forslaget blir justert i Stortinget, slik at det ikkje slår fullt så dårleg ut for små kommunar.

– Eg reknar med at det blir justert, det er ganske kraftig signal på det. Og eg trur at regjeringspartia er lydhøyre, seier Engh.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Tillitskrise

Verre for Engh er det han opplever som ei tillitskrise mellom nokre av kommunane på ytre søre Sunnmøre.

– Eg trur at med mindre vi greier å bygge litt større tillit – spesielt mellom Ulstein og Herøy er det ei tillitskrise no – om vi ikkje greier å betre tilliten, så trur eg ikkje kommunesamanslåing kjem til å vere ei fornuftig løysing, seier Engh.

– Men viss vi greier å bygge større tillit, så er kommunesamanslåing ei fornuftig løysing for framtida. Heile regionen her er gjensidig avhengig av kvarandre, seier Ulstein-ordføraren.

– Dersom det skulle vise seg at det ikkje blir kommunesamanslåing, kva då?

– Ulstein vil uansett vere med på eit samarbeid der vi kan kome nærare kvarandre, og at vi kan halde fram som gode naboar. Men om dette endar med mistillit mot kvarandre, så er det eit steg tilbake samanlikna med slik det var før kommunereforma, seier Ulstein-ordføraren.