I samband med den støre tilstrøyminga av asylsøkjarar i fjor haust fekk nær 1600 asylsøkjarar  midlertidig innkvartering i Møre og Romsdal, og trøndelagsfylka. Denne veka flytter dei siste bebuarane ut frå desse innkvarteringane.

Ein far, ei mor og ei dotter på berre to månader blei dei siste som flytta ut frå det midlertidige akuttmottaket for asylsøkjarar på Hareid.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Farvel Ein kort klem med mottaksleiar Linda Haddal Røssevoll, også ventar eit nytt tilvere i eige leilegheit ved asylmottaket i Ulsteinvik for familien frå Syria. Foto: Marius Rosbach

Flyttar til Ulstein

Men familien som flykta frå Syria som to vaksne - og no er blitt tre - slapp å flytte langt.

Tysdag kom drosja som skulle køyre dei over til andre sida av øya, der familien har fått plass på mottaket til Link i Ulsteinvik.

Den lærarutdanna faren, Bakri Mohamad Kazan, snakkar godt engelsk  og gir uttrykk for at det er ein fin dag, og at dei er spente på korleis det blir å bu i leilegheit i eit vanleg mottak. Men den vesle familien har mykje å tenkje på, og vil ikkje intervjuast på sjølve flyttedagen.

Les meir: Rørt av spontan julegåve frå asylsøkaraneAkuttmottak for 100 på Hareid

Straks tomt Tysdag ringde stadig telefonen til Linda Haddal Røssevoll. I løpet av dei siste dagane har fleire enn 60 bebuarar reist frå mottaket, og mange har spørsmål dei rettar til mottaksleiaren på Hareid. Foto: Marius Rosbach

Positiv erfaring med drifta

For den tidlegare hotelldirektøren, som dei siste fire månadene har vore mottaksleiar, har drifta av asylmottak vore ei positiv erfaring.

– Eg og dei tilsette har vist at vi har klart å handtere, også slike type gjestar på ein god måte, seier Linda Haddal Røssevoll ved Melshorn hotell.

UDI har hatt 112 plassar, men fordi det har vore familiar som har budd på staden, har ikkje alle sengene vore nytte fullt ut. På det meste har dei hatt 110 personar buande.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Røssevoll fortel at dei har vore skåna for konfliktar både med bebuarar som vil flytte, og med lokalmiljøet. Heller ikkje er dei tilsette vore utsett for vald eller andre uheldige episodar.

– Det har ikkje vore noko styr, og eg har ikkje fått negative tilbakemeldingar, seier Røssevoll.

Tysdag var det ein mannleg bebuar att på mottaket, som etter planen skal reise til nytt mottak i Snåsa, dit mange av dei andre bebuarane har reist dei siste dagane.

Norskundervisning og strikkekveldar

Ho fortel at bebuarane har nytta tida til å gå turar, sparka fotball og vore med på fisketur. Dei har óg hatt to lærarar som frivillig har undervist i norsk, og strikkekveldar for kvinnene på mottaket.

– Ingen av dei som har budd her ville flytte noko anna sted, og fleire snakka om å protestere mot flyttinga fordi dei likte seg, seier Røssevoll og må le litt.

Mottaksleiaren har endatil opplevd at ei lite jente som blei fødd medan foreldra budde på mottaket, fekk namnet Linda, etter henne.