Ulstein har større gjeld enn det dei la fram då intensjonsavtalen for Runde kommune vart signert.

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr bad om å få tala kvalitetssikra. Derfor venta dei fem kommunane med å offentleggjere dette vedlegget til intensjonsavtalen, inntil tala var korrigert.

Last ned: Her er det reviderte økonominotatet som høyrer med til intensjonsavtalen

Tysdag morgon fekk Herøynytt oversendt notatet frå Ulstein-rådmann Einar Vik Aarset.

Ulstein har for tida ei gjeld på 168.000 kroner per innbyggjar, ikkje 140.000 det først kom fram. Til samanlikning er gjelda for dei fire andre kommunane omtrent det halve.

Intensjonsavtalen: Last ned og les intensjonavtalen mellom Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein og Hareid

Unytta lån

Ulstein har nemleg tatt opp eit lån på 150 millionar kroner som står ubrukt, men som kommunestyret har vedtatt å bruke. Denne unytta lånegjelda er no tatt med i oversikta.

Skal du delta i folkeavstemminga 19. mai om ny kommune? Ja Nei Veit ikkje Du må velge et alternativ Din stemme blir nå behandlet... Skal du delta i folkeavstemminga 19. mai om ny kommune? Ja 79% Nei 14% Veit ikkje 7% Du har allerede stemt 630 stemmer

– Dette gjeld primært Arena Ulstein, med gymsal til elevane, symjehall og bibliotek, ferdig mot slutten av 2017, forklarer rådmann Einar Vik Aarset i Ulstein.

Samtidig har dei sikra seg at dei fire andre kommunane har lagt fram tilsvarande tal.

– No er alle formelle vedtak på investeringar lagt inn for alle fem kommunar, seier Aarset.

Herøyværingane har fire alternativ i folkerøystinga 19. mai. Dette skal det stemmast over