– Det er ei enorm auking, seier Per Johan Ramsli, som har ansvar for opptaket til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Høgskulen i Volda.
– Det blir definitivt vanskelegare å komme inn i år. I dag passerte vi 500 søkarar, og vi har 110 plassar. Så du kan jo tenke deg sjølv, seier Ramsli.
Fristen for å søke er 15. april.
– Viss vi samanliknar med i fjor, så er søkartala allereie 25–30 prosent over søkartala for i fjor.
Viktig utdanning
PPU er ei utdanning som takast i tillegg til ei fagutdanning, enten allmennfagleg eller yrkesfagleg. Etter utdanningslova er det krav om pedagogisk utdanning for å bli tilsett som lærar.
– Det mange ikkje er klar over, er at PPU ofte er ein langt større leverandør av lærarar enn den vanlege grunnskule-lærarutdanninga, seier Ramsli.
Mandag hadde Sunnmørsposten nettmøte om utdanning. Les spørsmål og svar her.
Utsette masterkrav
Nyleg annonserte kunnskapsdepartementet at kravet om mastergrad for å søke PPU blir utsett til 2019.
Dermed kan personar med bachelorgrad framleis søke.
– Aukinga vi ser no, er nok ein kombinasjon av at dette vart annonsert som siste tog før masterkravet, og ein effekt av endringane vi ser i arbeidsmarknaden, men no er altså masterkravet utsett til 2019, seier Ramsli.
Les også: