Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) møtte problem då ho fredag skulle på sitt første besøk til Sunnmøre som statsråd.

Etter planen skulle statsråden besøke hjørnesteinsbedrifta Vik Ørsta litt etter klokka ni. Men fordi flyet hadde problem med å lande på Hovden flyplass, enda flyet med å lande på Vigra ved Ålesund i staden.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Eg hadde gleda meg til å sjå korleis ei hjørnesteinbedrift som Vik Ørsta greier å trygge og skape arbeidsplassar i ei tid som er turbulent for mange. Men veret kan som kjent ingen rå over, og eg håper at eg får besøkt både bygda og bedrifta ein annan gong, opplyser arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie til smp.no.

Statsråden held den vidare planen for fredag.

Hauglie skal til Vard-verftet ved Søviknes i Haram og Norsk Maritimt kompetansesenter i Ålesund seinare på dagen.

Automatisering Vik Ørsta har satsa nær 100 millionar kroner på automatisering dei siste åra. Foto: Marius Rosbach

Rekordomsetnad

Administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta nytta mulegheita til å fortelje om historia og produksjonen til bedrifta for frammøte pressefolk og ein delegasjon frå administrasjonen og politikarane i kommunen.

Fabrikken som er heileigd av Saferoad-konsernet lagar mellom anna autovern og lysmaster som i hovudsak går til vegbygging. Om lag halvparten av omsetnaden går til ulike produkt innan trafikksikring.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Fekk omvisning Ein delegasjon frå kommuneadministrasjonen og politikarar fekk sjå seg om på fabrikken. Foto: Marius Rosbach

Fabrikken har hatt suksess med automatisering av produksjonen, og har klart å behalde ei sysselsetting på kring 300 totalt i Ørsta og Vik i Sogn.

Fjoråret ga den beste omsetnaden i bedrifta sin historie på 670 millionar kroner, og eit overskott «som budsjettert», sa Nesset.

Trur på nye eigarar

På spørsmål frå ordførar Stein Aam om kor trygge arbeidsplassane ved hjørnesteinsbedrifta var, avslørte Nesset at nye eigarar kan vere på veg inn i den Saferoad-eigde fabrikken.

Nordic Capital gjekk inn som eigarar av Saferoad-konsernet i 2008, men Nesset trur dei kan vere ute innan eitt års tid: – Eg trur på nye eigarar innan året, eller ei form for børslansering, seier direktøren.