Venta på statsråden Administrerende direktør Kjetil Nesset (t.h.) og mellom anna Ørsta-ordførar Stein Aam, måtte vente forgjeves på arbeidsministeren fredag. (Foto: Marius Rosbach)

Venta på statsråden Administrerende direktør Kjetil Nesset (t.h.) og mellom anna Ørsta-ordførar Stein Aam, måtte vente forgjeves på arbeidsministeren fredag. Foto: Marius Rosbach

Flykrøll for statsråd på sunnmørsbesøk

Vik Ørsta fekk ikkje besøk frå statsråden fredag. Men fabrikkdirektøren avslørar at nye eigarar kan vere på veg inn i bedrifta som leverte rekordhøg omsetnad i fjor.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) møtte problem då ho fredag skulle på sitt første besøk til Sunnmøre som statsråd.

Etter planen skulle statsråden besøke hjørnesteinsbedrifta Vik Ørsta litt etter klokka ni. Men fordi flyet hadde problem med å lande på Hovden flyplass, enda flyet med å lande på Vigra ved Ålesund i staden.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Eg hadde gleda meg til å sjå korleis ei hjørnesteinbedrift som Vik Ørsta greier å trygge og skape arbeidsplassar i ei tid som er turbulent for mange. Men veret kan som kjent ingen rå over, og eg håper at eg får besøkt både bygda og bedrifta ein annan gong, opplyser arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie til smp.no.

Statsråden held den vidare planen for fredag.

Hauglie skal til Vard-verftet ved Søviknes i Haram og Norsk Maritimt kompetansesenter i Ålesund seinare på dagen.

Automatisering Vik Ørsta har satsa nær 100 millionar kroner på automatisering dei siste åra.
(Foto: Marius Rosbach)

Automatisering Vik Ørsta har satsa nær 100 millionar kroner på automatisering dei siste åra. Foto: Marius Rosbach

 

Rekordomsetnad

Administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta nytta mulegheita til å fortelje om historia og produksjonen til bedrifta for frammøte pressefolk og ein delegasjon frå administrasjonen og politikarane i kommunen.

Fabrikken som er heileigd av Saferoad-konsernet lagar mellom anna autovern og lysmaster som i hovudsak går til vegbygging. Om lag halvparten av omsetnaden går til ulike produkt innan trafikksikring.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Fekk omvisning Ein delegasjon frå kommuneadministrasjonen og politikarar fekk sjå seg om på fabrikken.
(Foto: Marius Rosbach)

Fekk omvisning Ein delegasjon frå kommuneadministrasjonen og politikarar fekk sjå seg om på fabrikken. Foto: Marius Rosbach

Fabrikken har hatt suksess med automatisering av produksjonen, og har klart å behalde ei sysselsetting på kring 300 totalt i Ørsta og Vik i Sogn.

Fjoråret ga den beste omsetnaden i bedrifta sin historie på 670 millionar kroner, og eit overskott «som budsjettert», sa Nesset.

Trur på nye eigarar

På spørsmål frå ordførar Stein Aam om kor trygge arbeidsplassane ved hjørnesteinsbedrifta var, avslørte Nesset at nye eigarar kan vere på veg inn i den Saferoad-eigde fabrikken.

Nordic Capital gjekk inn som eigarar av Saferoad-konsernet i 2008, men Nesset trur dei kan vere ute innan eitt års tid: – Eg trur på nye eigarar innan året, eller ei form for børslansering, seier direktøren.

Aukande marknad Rekkverk og lysmastar langs vegane er den største marknaden, men bedrifta veks på bergsikring med ulike typer boltar.
(Foto: Marius Rosbach)

Aukande marknad Rekkverk og lysmastar langs vegane er den største marknaden, men bedrifta veks på bergsikring med ulike typer boltar. Foto: Marius Rosbach

Det var likevel ingen grunn til å rope varsko for arbeidsplassane. Nesset peika på at Vik Ørsta er den største bedrifta i Saferoad-konsernet, og at kring 90 prosent av produksjonen skjer her til lands.

Vik Ørsta i nytt samarbeid

Vik Ørsta AS har inngått avtale med eit firma i Fauske om leigeproduksjon av Vik Ørsta sin CT-Bolt. Dette skal sikre ein betre logistikk for kundar, spesielt i Nord-Norge.

 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Norgesraidet ble stoppet på Moa

Hadde planlagt «vanntett» svindel – slik ble de avslørt

De betalte tilsynelatende med egne kredittkort og skjulte sporene sine. I løpet av få dager hadde de kofferter fulle av kostbar elektronikk, smykker og parfyme.