SISTE: Vestnes vil stå åleine

Det endelege resultatet frå folkerøystinga i Vanylven blei klart måndag kveld. Det viser at 61 % har røysta ja til kommunesamanslåing, og 37 % røysta nei til kommunesamanslåing.

Av desse har 72,5 % gitt svar på at dei ynskjer å slå seg saman med Sande, Herøy, Ulstein og Hareid - Runde kommune.

13 % ynskjer ei kommunesamanslåing med Selje og Vågsøy - Stadt kommune, ifølgje heimesidene til kommunen.

– Tydeleg resultat

– Vi har fått eit tydeleg resultat, og det er eg glad for, seier ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven.

Sjølv stemte ho for alternativet med samanslåing sørover, det vil seie nordfjordkommunane Vågsøy og Selje.

– Men etter folkeavstemminga vil eg støtte Runde-alternativet full ut, seier ordføraren.

Valdeltakinga var på 63 prosent.

– Og det er vi kjempenøgde med, seier Landsverk Sande.

Les også:I kø for å stemme om framtidaEit delt Vestnes går til stemmeurnene

Førehandsrøyster

Tidlegare måndag kveld blei resultatet frå førehandsrøystene gjort kjent.

Dei viste eit også eit overveldande fleirtal for kommunesamanslåing - og eit enno meir overtydande fleirtal for å vende seg nordover.Det går fram av oversikta på heimesidene til Vanylven kommune.

Seks alternativ

Vanylvingane hadde heile seks alternativ å velje mellom. Fyrst skulle dei ta stilling til kommunesamanslåing, eller ikkje. Deretter skulle dei velje om dei ønskja at kommunen skulle vende seg nord til Runde kommune (Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven), eller sør til Stad kommune (Vågsøy og Selje).

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

70,5 prosent av førehandsrøystene sa ja til kommunereforma, medan 27,5 prosent stemte nei. 82,5 prosent stemte for å gå saman med dei fire andre kommunane på søre Sunnmøre, medan 5,9 prosent ønskja seg sørover.

Til saman 435 hadde røysta på førehand, og til saman er det 2762 personer med røysterett i kommunen.

Selje og Vågsøy

I Selje deltok berre 42,5 prosent av dei 2301 personane med røysterett i den rågdjevande folkeavstemminga. Av desse stemte 56,8 prosent nei til kommunesmanslåing, og dermed er det spikaren i kista for Stadt kommune.