• Ho har dirigert kor og korps, som Bergsøy Blandakor og Frøystad skulekorps.

  • Ho var med i gruppa som planla oppstarting av musikkskulen i Herøy.

  • Ho har vore ei eldsjel i arbeidet med å tilby sosiale samkomer for bebuarane på Herøy alders- og sjukeheim, og ho har vore aktivt med i diakoninemnda i Herøy.

For dette har Inger Vikene i Fosnavåg fått Kongens fortenestemedalje. Måndag ettermiddag var ho invitert til mottaking på Slottet.

Her kan du lese heile grunngjevinga (ekstern nettstad)

Etter ei omvising i dei store salane, med guide som fortalde, enda dei i ein stor flott sal med småbord, fortel Inger Vikene til Herøynytt.

Følte seg heime

– Det var veldig spanande for oss som aldri hadde vore der før. Og det var veldig kjekt, fortel Inger Vikene.

Ho hadde følgje av sonen Roar Vikene.

– Sant å seie så følte vi oss så heime med ein gong, det var ei veldig fin oppleving. Vi opplevde at dei som jobbar på Slottet er veldig like oss, vi fekk eit litt nært forhold til dei, fortel ho etter at ho har kome heim att til Fosnavåg.

Ved kvart bord sat det ein som har sitt daglege virke ved Slottet. Vikene fekk snakke med sjefen for dei militære på Slottet og ei av dei andre tilsette på huset.

Delte bor med Kongen

Også Svein Eiksund frå Ulsteinvik og Magne Godøy frå Godøy var blant dei som var til stades for å takke for fortenestemedaljen.

Ifølgje Vikebladet

fekk Eiksund tildelt Kongens Fortenestemedalje då han i september i fjor feira sin eigen 70-årsdag med ein storkonsert saman med dei fem kora sine i Ulstein kyrkje. Eiksund karakteriserer Kongen som ein skikkelig folkekonge. Dei delte bord under middagen og fekk ein god prat.

Svein Eiksund fikk Kongens fortenestemedalje på Slottet måndag. Foto: Privat

– Eg har hatt Edvard Moser som elev, og trefte ham på fredag. Og sa då at eg skulle frå ein konge til ein annan. Eg viste ham ein selfie vi tok saman, og kongen uttrykte stor respekt for det Edvard Moser har fått til. Å få nobelprisen i medisin er ein veldig stor prestasjon, seier Eiksund.

Fekk takk for lang innsats

Inger Vikene trekker særleg fram opplevinga då fem musikkelevar frå Barratt Due, ei blåsegruppe derifrå, spelte nokre stykke. Og at Kongen og Dronninga takka dei for innsatsen.

– Begge to takka for innsatsen vi gjer for landet. Eg opplevde at vi spelar på lag. Begge to snakka om verdien av det frivillige arbeidet vi har gjort, fortel Vikene.

Stolt son

Og kva syntest sonen Roar, som var med?

– Han var mildt sagt stolt av ho mor. Alle tre sønene mine var med i Oslo, dei hadde lyst til det alle tre. Søndag var vi i lag i Oslo. Og i går var Roar med inn på Slottet, medan dei to andre stod og venta utanfor.

Spleisar bygdene saman

– Kva meiner du frivillig arbeid har å bety for samfunnet?

– For meg er det eit givande arbeid. Eg blir gladare sjølv av å vere med på det. Ein kan bli trøytt og sliten og innimellom litt lei. Men når eg ser at det blir tatt i mot med glede, blir eg glad sjølv. Frivillig arbeid er med på å halde lokalsamfunn saman, det spleiser bygdene, understrekar Inger Vikene.

Følg Herøynytt på Facebook!

Vaktskifte. Inger Vikene er spent før mottakinga. Foto: Privat
Frå venstre: Per Martin, Inger, Stig og Roar Vikene. Foto: Privat
Framfor hovudinngangen til slottet etter mottakinga. Foto: Privat