Det var russebilar som stod for bråket. Seint tysdag kveld kom politiet og viste bort både bilar og personar, opplyser politiet på Sunnmøre på Twitter.

For berre to dagar sidan var politiet ute og formante russen i Ulsteinvik, etter meldingar om støy.

- Ulsteinvik: Fleire meldingar på støy i form av høg musikk frå russebilar. Russen vart oppsøkt, informert og formant, opplyste politiet på Twitter natt til måndag.