18-åringane Mathilde Sjøhelle Eiksund, Lina Viktoria H. Standal og Eline Krøvel, er ein del av Sparkesykkelrussen 2016, ved Volda vidaregåande skule. Med dei raudmåla doningane sine, rullar dei rundt om i Ørsta og Volda.

– Det er billig, miljøvennleg, praktisk - og ikkje minst kjempegøy, forklarer Krøvel om kvifor ho har valt sparkesykkel framfor russebil.

– Russetida for kommersiell

Jentene synest russetida har blitt for kommersiell og for dyr.

– Det vert forventa at ein skal ha så mykje greier. Men vi vil vise at det går an å vere russ på lågbudsjett og ha det gøy likevel, seier Eiksund.

Til saman er dei sju medlemmer i Sparkesykkelrussen 2016. Gjengen har planar om å delta på lokale russearrangement, og om det blir for langt å sparkesykle, tek dei bussen eller låner bil heime.

– Vi er ikkje i mot russebilar, altså. Men vi hadde lyst å gjere vår eigen greie, gå litt mot straumen, fortel Standal.

Eigen logo F.v. Simon Engeset Løfoll, Mathilde Marselie Sjøhelle Eiksund, Eline Krøvel, Lina Viktoria H. Standal, og Elena Carrieri. Foto: Hild Nordal

Video: Proppet med 24 høyttalere og 40 meter ledlys

Trolig Sunnmøres feteste partymaskin på hjul (krever abonnement)

Debatt: Russetiden er på veg i feil retning

Nynorskruss

Sparkesykkelgjengen er også nynorskruss, som har eigne russeknutar, og ingen av reglane har noko med alkohol eller sex å gjere.

Nynorskrussen har sjølvsagt bilde av Ivar Aasen på russebuksa.

– Når ungar kjem og vil ha russekort, så seier vi til dei «Bli gjerne sparkesykkelruss, snakk dialekt og hald på nynorsken».