Turgåar Gunnar Hansson Haddal i Eiksund likte dårleg det han oppdaga på gåturen sin på Haddal nyleg.

– Tilfeldigvis svinga eg inn og såg dungen som låg der. Det var fiskeryggar, sko, klede og uhorveleg med brev og papir, fortel Haddal til smp.no.

Han fortel om ein voldsom reaksjon då han la bilde ut på facebook-sida si.

– Nokre meite at det måtte politimeldast. Andre ville køyre bosset tilbake der det kom frå. Det var mange forslag, seier Haddal.

Gjerningspersonen har kan hende flytta, men i haugen finst det brev både frå politi, nav og inkassoselskap.

Politimeldt to gonger

– Hendinga vart først politimeldt den 5. mai, og så i går, fortel operasjonsleiar Kenneth Sætre hos politiet på Sunnmøre.

I dag søndag stadfestar han at det er blitt ei politisak, og at dei har sikra seg dokumentasjon.

– Utbreidd problem

Både Haddal og ein annan tipsar som smp.no har vore i kontakt med meiner at slik forsøpling har blitt eit utbreidd problem. Dei nemner fleire stader i Eiksund og Haddal, og også elles i Ulstein og Hareid, der dei seier det blir dumpa boss.

– Dette er stader som ligg litt usjenert til, seier dei.

– Vi har kika på det og funne spor der som kan peike oss i retning av gjerningspersonen, som blir kontakt av politiet. Det finst veldig gode ordningar for dei som vil kvitte seg med søpla si utan å skape meirarbeid for andre, seier operasjonsleiar Sætre hos politiet.