– Eg var sikker på at det kom 20 bilar, eg hadde eit håp om at det kunne kome 30, det kom 52, seier Trygve Hovdenakk, ein av initiativtakarane til folkevognutstillinga.

Og Vikegata vart full av folkevogner og folkevognbussar, og sjølvsagt skuelystne. Utan tvil ein suksess for arrangørane.

– Heile gata vart full av bilar, frå ende til annan. Mange har ein fascinasjon for folkevogner, og alle hugsar bilane frå då dei var små. Dei appellerer til folk i alle aldrar. I dag var her sjåførar i alderen frå 18 til 80, seier Hovdenakk.

Ifølgje Hovdenakk er det mykje unge folk som driv med folkevogn og folkevognbussar.

– Og det er ein veldig triveleg hobby. Det eldre Volkswagen-miljøet i Norge er veldig stort. Det er mange som reiser på treff over heile landet, og det er ein flott måte å møte andre på, seier han.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook

Luftkjølt

Kriteriet for å få vere med på utstillinga er at det er ein luftkjølt folkevogn.

– Elles var det mykje tidleg 70-tal, og nokre frå 60- og 50-talet.

Verdien på bilane varierer frå 3.000 til 350.000 kroner.

– Ein kan legge i det så mykje som ein vil. Det kan være like kjekt å sjå på ein rusten bil med litt måse som ein nyrestaurert dyr bil, seier entusiasten.

Premiering

Hovdenakk anslår at det var mellom 500 og 1.000 menneske innom utstillinga i dag, og alle kunne være med å bestemme kva for ein bil som var den flottaste.

– Alle bilane hadde eit skjema med opplysningar, så stemte alle som ville. Det var publikum som avgjorde.

– Og dessverre vann eg tredjeplassen, seier Hovdenakk litt brydd. Premien for det var ei gåvepakke frå ein lokal kafé.

Fyrsteplassen og ein garasjeportopnar gjekk til Marius Rødal, andreplassen og pipesett og blomstervase fekk Alf Erling Myklebust, medan Knut Tore Sylte frå Åndalsnes hadde hatt lengst køyreveg og dermed fekk prisen «Lengst heimanfrå».

Les fleire nyheiter frå Søre