Det skriv Fjordabladet.

Nesten alle folkerøystingane på Sunnmøre viser at folket ikkje vil slå seg saman med andre kommunar, men Bjørlo (V) trur ikkje at folk i Eid og Gloppen vil la seg påverke av resultata på Sunnmøre. Spesielt gjeld dette Volda og Ørsta, som folk i Eid har nærast forhold til.

– Medan Volda og Ørsta for alle praktiske føremål allereie fungerer som ein kommune allereie, er situasjonen ein heilt annan hos oss. I Volda og Ørsta går det av seg sjølv. Der er det vekst uansett. I Nordfjord er vi nøydde til å ta grep for å få den veksten vi ønskjer, seier Bjørlo til avisa.

Eid og Gloppen har folkerøysting 30. mai.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no