Omtrent akkurat slik såg han ut, sa nokre av gamlekarane som samla seg framfor bysta etter avdukinga.

– Når ein kjem nært på, er bysta kanskje litt finare enn slik han eigentleg var. Men ein flott mann var han - han stilte alltid opp, det var aldri nei i hans munn, sa Reidar Remøy til Sunnmørsposten i mylderet.

Oldebarn

To av oldebarna til Gerhard Voldnes, Kristian Voldnes og Victoria Nielsen Voldnes, stod for sjølve avdukinga.

– Det er med ei viss stoltheit vi er her i dag. Vi har inntrykk av at han brann for bedrifta si, og at han var ei samfunnsstøtte, seier oldebarna til avisa.

Avduka byste i parken: Industrigründer Gerhard Voldnes (1892–1976) gav Fosnavåg park til kommunen, derfor er bysta plassert her. Herøy Mannskor i islendarar i forgrunnen og godt over 100 frammøtte heidra industribyggjaren onsdag. På første rekke blant dei frammøtte står fleire barnebarn og oldebarn etter Gerhard Voldnes.

Gerhard Voldnes

Gav Parken

Til applaus frå godt over 100 frammøtte vart bysta avduka i parken i Fosnavåg onsdag ettermiddag. Voldnes, som i si tid gav parkområdet til kommunen, vart heidra både som ein samfunnsbyggjar og ein industribyggjar.

– Fosnavåg hadde sett svært annleis ut utan innsatsen til gründeren Gerhard Voldnes, meiner ordføraren i Herøy, Arnulf Goksøyr.

Sild og supply

Skipsverftet til Gerhard Voldnes bygde nokre av dei første supplyskipa i Norge. Og før det, frå 40-talet og utover på 50-talet, hadde dei ein formidabel vekst på grunn av dei store sildeåra.

Kunstnar Ola Stavseng valde det blå steinslaget larvikitt til sokkelen, som symbol på havet. Til arbeidet med bysta fekk Stavseng låne med seg hatten og vinterfrakken som Voldnes brukte.

Frå familien og frå Sunnmørsposten fekk kunstnaren låne foto av Voldnes. Stavseng sa han har inntrykk av at Gerhard Voldnes var litt avmålt og samtidig ein mann med svært stor arbeidskapasitet.

Hjørnesteins-bedrift

Då sildetida var over tidleg på 60-talet, etablert selskapet skipsverft i Fosnavåg. I mange år var verftet ei hjørnesteinsbedrift, og store og små skip vart bygde inne på Fosnavåg hamn fram til 2005.

Sidan då har Herøy Rotaryklubb jobba for å reise bysta av den markante gründeren.