Laurdag var det stor jubel i Sjøborg kinosal då vinnaren av arkitektkonkurransen til nye Ulstein kyrkjebygg vart kjent. Dei som jubla høgast var arkitektane ved Snøhetta, då «Excelsior» fekk sigeren.

Leiar for juryen, Harald Nordal, seier at det var fire gode utkast til nytt kyrkjebygg som var med i konkurransen, men «Excelsior» var best.

– Nokre kriterium for vinnaren var høveleg plasseringa på tomta, og at forma til nybygget samsvarar med kyrkja som står der i dag. I nybygget vert det eit godt kyrkjerom, og i tillegg er det blant anna aktivitetsrom til ungdom, seier Harald Nordal.

Av tre og stein

Leiar, arkitekt og talskvinne for Snøhetta er Margrethe Lund. Ho seier at hovudmaterialet i nybygget vert av stein og tre, og det er miljøvenleg.

Dei andre arkitektane i Snøhetta er Frank Nodland, Rune Veslegard og Lars Jørstad Nordbye.

– Med ei utfordrande tomt med skråhalling fekk vi moglegheit til å skape noko annleis. Vi ønskjer å forsterke kvalitetane til kyrkjegarden og den gamle kyrkja, seier Rune Veslegard.

Nybygget til Snøhetta har ei båtform, og er forma som dei nye båtane i Ulstein.

– Båt har forankring i Bibelen, og er viktig på mange nivå, seier Vestegard.

Nybygget er prosjektert å vere ferdig i 2019, og Ulstein sokn er avhengig av mange sponsorar og ei god dugnadsånd for å få nybygget realisert.

– Ein gledeleg dag

F.v. Rune Veslegard, Lars Jørstad Nordbye, Margrethe Lund og Frank Nodland - alle fire frå Snøhetta, deretter juryleiar Harald Nordal, soknerådsleiar Annelise Kleven Godø og sokneprest Margit Lovise Holte.

Sokneprest i Ulstein, Margit Lovise Holte, seier det er ein gledeleg dag. Holte syns det er eit flott prosjekt som er valt ut som vinnar, med alle funksjonane innvendig.

– Inne er det årringar i tre, som ringar i vatn, og det ønskjer vi å vere i lokalsamfunnet. Vi er spente og forventningsfulle til prosjektet, seier sokneprest Holte.

Nybygget er prosjektert å vere ferdig i 2019, og Ulstein sokn er avhengig av mange sponsorar og ei god dugnadsånd for å få nybygget realisert.