Etter at kommunestyret i Volda med knappast mogleg fleirtal kravde folkeavstemming på spørsmålet om samanslåing med Hornindal, varsla Hornindal-ordføraren at Hornindal i staden måtte sjå til Stryn.

– Eg er blitt kontakta av fleire som ønskjer nytt møte med bakgrunn i det dei såg blei konsekvensen av vedtaket, seier Jørgen Amdam, ordførar i Volda og stadfestar at det blir ekstraordinært kommunestyremøte 28. juni.

Les også: Volda tek omkamp om folkerøysting

Ikkje taktisk

Også Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel er blitt kontakta av politikarar og bygdefolk, med melding om at ein ikkje bør vere for rask til å avvise Volda. Dermed blei det avtalt møte mellom dei to forhandlingsutvala måndag kveld. Og her var tonen så god at dei signerte intensjonsavtale.

Amdam seier at det ser ut for at det vil bli fleirtal for å gjere om vedtaket, og at ein dermed kan droppe folkerøysting, slik at Hornindal får raskt svar.

– Det er ein klar føresetnad at de ser på Volda som reelt alternativ og ikkje ein del av det taktiske spelet overfor Stryn, understreka Amdam i møtet med Hornindal-politikarane.

– Volda er i høgste grad eit alternativ, men det er avgjerande at vi kan seie noko om Austefjord-området og skape tettare kontakt mellom bygdene, seier Stig Olav Lødemel.

aksjon: Ivar-Otto Kristiansen har starta aksjon for Volda-Hornindal som ein kommune.

Aksjonerer

Det er ingen tvil om at det har kome sterke reaksjonar på vedtaket i kommunestyret i Volda sist veke.

– Folk i Volda ristar på hovudet etter vedtaket, hevdar Ivar-Otto Kristiansen, første vara for Høgre i Volda.

Før han visste at ordføraren ville kalle inn til ekstraordinært møte, starta han aksjon, med underskriftskampanje på Facebook og på butikkar, for å få opp igjen saka.

– Samanslåing med Hornindal er jo eit reint fornuftsekteskap. Og her står brudgomen Volda ved alteret og må heim og spørje mora om lov. Då spring jo brura sjølvsagt til ein annan friar på hi sida, seier Kristiansen.