Det melder selskapet som held til på Stadlandet på sine Facebook-sider.

– Vi har signert kontrakt, og leveranse blir tidleg i 2018. Det var Tersan som bygde Norges største linebåt, MS «Frøyanes», for snart fem år sidan, og vi har vore svært godt nøgd med samarbeidet med det tyrkiske verftet, seier Stig Ervik i Ervik Havfiske Gruppen.

– No startar arbeida i samarbeid med Marin Teknikk som designer båtane.

Han seier at det har vore stor interesse for oppdraget, og at eit norsk verft var med i sluttspurten.

Dei to linebåtane får namna «Nordic Prince» og «Argos Georgia» og skal brukast i linefisket i Sørishavet.

Linebåtar

I ei pressemelding frå Marin Teknikk står det at linebåtane vil bli 54 meter lang og 13 meter brei. Båtane er spesielt designa for høgare isklasse og operasjonar i ei krevjande område.

Båtane vil byggast med konvensjonell og hybrid framdrift, og har innreiing for 28 personar.

Fjordenes Tidende skreiv om dette først.