– Korleis skal vi førebygge slik at vi unngår nye terroraksjonar? Det startar med kvar enkeltperson, og dei systema og rutinane ein har forma. Vi må kvar dag arbeide med likeverd, mot diskriminering og halde oppe demokratiet.

Det sa fungerande ordførar Karen Høydal (Ap) under minnemarkeringa for 22. juli – ei markering som fann stad ved minnesmerket i Laguneparken i Ørsta sentrum.

Ei av dei som vart drepne på Utøya var Guro Vartdal Håvoll.

– Ho var ein engasjert 17-åring som ville vere med på å forme samfunnet ved å arbeide politisk, og stod på lista til kommunevalet. Det var så unødvendig at ho måtte avslutte livet så brått, sa Karen Høydal.

Høydal la ned krans frå Ørsta kommune, og frå Pårørandegruppa i Møre og Romsdal.