Fem personar blei brakt til legevakt etter ei utforkøyring i Volda natt til tysdag. Det var ein personbil som smalt inn i ein stolpe etter å ha vore over ein midtrabatt, skriver politiet på Sunnmøre på Twitter.

Tidleg tysdag morgon hadde operasjonsleiar ikkje fleire opplysningar om kva som var årsaka til ulukka, eller korleis det sto til med dei involverte. Ulukka skjedde i utkanten  av Volda sentrum og blei varsla like før klokka 01.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no