Bergens tiende konkluderer med at Ørsta/Volda lufthamn er den 5. vakraste i Norge.

Avisa gav Widerøes pilotar i oppgåve å stemme fram sine topp ti flyplassar blant alle deira 43 reisemål i landet. I tillegg til Widerøe og andre flyentusiastar, har også deler av Bergens tiende reisevande redaksjon vert med å lage det som er ei topp ti liste over dei vakraste flyplassane i landet. Best ut av denne spørjeundersøkinga kjem Sandane flyplass.

– Den er vill og vakker, skriv avisa om innflyginga til Anda i Sogn og Fjordane.

Med det blir altså Hovden ein av berre to flyplassar i sør Norge som har kommen med på lista.

– Pilotane våre har verdas vakraste kontorutsikt kvar dag. Det er fantastiske stader som er komne med på lista, og ikkje minst som tronar øvst, seier informasjonssjef Catharina Solli i Widerøe til Bergens Tidende.

I ei kåring mellom Kortreist-lesarane i 2012, blei Vigra kåra til flyplassen med den finaste innflyginga her til lands.

Sjå bildeserie frå innflyginga til Vigra