Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for dei tre vestlandsfylka. I perioden natt til mandag og til tysdag morgon er det venta mykje nedbør i Sogn og Fjordane. Lokalt er det venta 50-100 mm i løpet av 36 timar.

Det blir minst nedbør i indre strok.

Flom- og skredvarsel

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utstedt varsel for flom- og skredfare for Sogn og Fjordane, Hordaland og delar av Rogaland.

Varselet for jordskred gjelder mandag, medan flom er venta både måndag og tysdag. Varselet er gult, det vil seie nivå 2 på ein skala frå 1 til 4.