Spørsmålet trengde seg på hos Lidun Hareide for noko over tre år sidan, og svaret kom ganske raskt, skriv ho på bloggen sin:

«Eg ringte banken, slo til på tomta og kjende panikken kome sigande. Kva veit vel eg om husbygging?»

Spesielt husprosjekt

Litt over tre år seinare er panikken for lengst over, og huset ikkje langt unna ferdigstilling – ho flyttar inn til jul.

Sjå bildeserie øvst i saka!

Og husprosjektet er såpass spesielt at det nyleg blei tildelt Husbanken sitt kompetansetilskot for berekraftig bolig og byggkvalitet for 2016.

– Det er veldig stas. Det er uhyre sjeldan at private får det, så at dei gir det til ein einebyggar frå Flø er jo veldig gøy, seier Hareide, som er forskar hos Møreforsk.

Tilskotet har tidlegare gått til større bygg- og arkitektfirma som Snøhetta, Norske Arkitekters Landsforbund, og SINTEF Byggforsk.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre på smp.no

Skal produsere sin eigen energi

Eit av poenga med huset er at det skal produsere sin eigen energi, fortel ho.

– Målet er å vere eit «nullhus», som går i null energimessig – og aller helst i pluss.

Solfangarar på sørfasaden skal bidra til vassboren oppvarming, til dusjvatn, og til vaske- og oppvaskmaskiner. Solcellepanel på taket skal produsere straum, og belysninga innandørs skal vere basert på LED-teknologi. Veggane vil vere isolert med trefiber, og ha innlagt duk som pustar – til saman gir dette veggar som både ventilerer, samtidig som dei isolerer.

– Og så er huset bygd slik at det skjermar seg sjølv for vêret og omgjevnadene. Ein treng til dømes ikkje solskjerming, for det er berre solinnstrauming på dagtid på dei romma ein ønskjer skal vere varme på dagen, til dømes på bad.

Fiffig peisløysing

Peisen i huset skal òg knyttast til ei totalløysing for oppvarming. Den skal gjennomløypast av røyr som er tilkopla systemet med vassboren varme.

Det vil vere ein fordel i periodane av året som har mindre sol – periodar det kan bli mange av i desse traktene.

– Så i dei kaldaste periodane kan eg velge å fyre for å varme opp vatn. Energiberekningane syner at i dei kaldaste og mørkaste månadane i året vil eg nok trenge å bruke litt ekstra energi. Då kan eg kjøpe straum frå nettet når eg treng, og elles kan eg vere straumleverandør.

Vatnet som varmast opp av peisen og solfangarane blir samla i ein 1400-liter stor akkumulatortank.

Gjer som meir enn 29.000 andre - følg smp.no på Facebook

– Verdas vakraste tomt

Prosjektet har tatt lang tid å utvikle. Hareide fortel at det er få eigedomar som blir tilgjengelege på Flø på denne måten – dei som kjem for sal er i stor grad marknadsført som feriebustader.

– Eg var kjempeheldig å få kjøpe verdas vakraste tomt. Så må ein jo forvalte det på ein god måte, meiner Hareide.

– Eg har brukt eit par år på berre å sitte på tomta med kompass, og undersøkje vindretningane, og passe på korleis sola går. Eg har brukt mykje tid på å tenkje på kva som er behova mine i dag, og kva som kan bli behova mine i framtida, seier Hareide.

Energi og miljø

Ho er også oppteken av korleis husstandar bidreg til energireknskapen i landet.

– Vi brukar frykteleg mykje energi i dette landet og kallar den rein. Men vi har straumlinjer gjennom alle randsoner, og vi misser meir og meir av de urørte naturen. Og når naturen først har blitt røyrt kan han ikkje bli urøyrt att, seier ho.

Ho håper prosjektet kan bidra til meir merksemd mot bustadbygging i skjæringspunktet mellom energi og miljø.

– Eg vil vere med å vise at ei kan ha eit moderne, stilig og vakkert hus, som ikkje naudsynlegvis brukar enorme mengder energi, men som lagar sin eigen energi.

– Har du nokre råd til andre som vil følgje husdraumen, slik du har gjort?

–  Tenk mykje på kva du ønskjer og treng. Du kan aldri tenke for mykje. Det å flytte veggar på papiret er mykje enklare en å flytte dei når dei er komne opp. Skaff deg òg ein god arkitekt, som forstår deg.

Slik vil huset sjå ut, med sørvendt fasade. Foto: Lidun Hareide
Treisolering skal sørge for ei svært lun atmosfære, sjølv på kalde vinterdagar. Foto: Marius Rosbach